Olav Lundanes jr
Født: 11.11.1987
Klubb:
Østmarka OK (2004-)
Emblem IL (1987-2003)
Yrke:
O-løper
Student Høgskolen i Østfold
Adresse:
Christian Svendsens gate 6, 1771 Halden
E-mail:
olav(at)olavlundanes.com
Mobilnr.:
41748764
Eg kjem opprinnelig frå eit no nedlagt gardsbruk på Eikenos, ca 20 km aust for Ålesund. Med fantastisk utsikt over fjord og fjell, og med nærhet til skogen, fekk eg gode mulighetar til å vere mykje ute. Eg blei tidlig tatt med på orienteringsløp og levde lenge i trua av at alle menneske sprang orientering, dei var berre på eit anna løp. Eg forstod vel etterkvart at eg hadde tatt feil, men orientering var, til tross for at det ofte blei store bommar, ein sport eg synast var veldig artig.
I 9 års alderen begynte eg også å gå langrenn, men hadde store problemer med å lære meg å skøyte. Men skulle eg vinne verdenscupen måtte eg lære meg det og fekk tilslutt mi beste norgescup plassering i skøyting. Som skiløpar hadde eg ganske mykje problemer med sjukdom og langrennsatsinga blei trappa ned utover i juniortida. Fekk med meg to Birkebeinerrenn på under 3 timar, med 2.59.42, som beste tid.
Eg har også spelt fotball i 10 år, men etter at eg innsåg at det nok ikkje var mulig å vere proff i England, samtidig som eg skulle vinne VM i langrenn og orientering, spelte eg mest for morroskuld.
Etter at eg blei nr. 3 i Hovedløpet i 14-årsklassen, bestemte eg meg for å satse hardt på orientering. Dei neste to åra var eg best når det gjald på Hovedløpet, men var ikkje så veldig stabil. Eg hadde riktignok innsett kor viktig det var å prioritere å finne postane, i stadan for å prøve å springe så fort som mulig.
Då eg blei junior i 2004 fant eg ut at eg hadde behov for eit større miljø for å utvikle meg vidare. Eg bytta derfor til Østmarka OK, som hadde eit veldig sterkt juniormiljø. Eg fekk ein sterk framgang dei neste sesongane og vann to gull i junior-VM i 2005. Etter denne sesongen blei totalbelastninga for stor og eg sleit litt med å finne tilbake til forma. Under junior-VM i Australia i 2007, tok eg 4 medaljer, av dei to gull, og kvalifiserte meg også for senior-VM i Ukraina. Vant også 9 NM-gull på rad i 2006-2007.
Eg bur no i Halden etter eit år i Oslo, og studerer litt på Universitetet i Oslo, ved sidan av satsinga. Det neste store målet er NM-Uka i Tromsø i slutten av august.




