Kartarbeid:
Eg har sidan eg var 11 år hatt stor interesse av å synfare og digitaliserte kart. Kartet rundt huset vår var gamalt og av dårlig kvalitet, så eg starta opp revideringsarbeidet med fargeblyantar, matpapir og teikneprogrammet Paint. Begynte etterkvart å bruke Ocad, men det tok likevel tre år før den første utgåva av kartet var klar.
Karta til Emblem var generelt gamle og utdaterte, så har brukt ein del tid på å revidere og digitalisere delar av dei. Eg har også laga ein del skulekart i forbindelse med Skolekartprosjektet til NOF og til Gildesprinten. Etterkvart har eg fått mindre tid til synfaring, og i og med at det er ganske slitsomt fysisk har eg ikkje gjort så mykje synfaring den siste tida. Men digitaliserar framleis nokre kart av og til, for å tjene litt pengar, men også fordi eg synast det er veldig artig.
Så dersom du har eit kart som trengs å digitaliserast, så ta kontakt på olav(at)olavlundanes.com , så har eg kanskje tid til å gjere jobben.















