Uttatt til EM etter uttaksløpa i Pinsa
Etter tre jamne løp under uttaksløpa på Hedemarken i Pinsa, blei eg på tysdag tatt ut til sesongens første hovedmål, EM i Latvia 26.mai-1.juni.
Uttaksløpa starta med sprint i Hamar. Opna denne gongen ganske fornuftig og kom greitt inn på kartet. O-teknisk går det bra, men taper litt på å ikkje sjå postskjermen på 9.post. Taper nok også 2-3 sekunder på fleire veivalg, men taktikken var å ta rakse avgjørelsar og gjennomføre desse på ein god måte, så da blir det av og til nokre sekund tapt. Fysisk gjekk det ok, og holdt trykket gjennom heile løypa. Delte andreplassen med Marius Bjugan, 10 sekunder bak Lars Skjeset.
Mellomdistansa gjekk i eit området som eg har sprunge ein del konkurransar i tidligare. Kom greitt i gang o-teknisk, men synast det gjekk litt tungt fysisk. Tok fleire kartlesningsstopp, men var aldri langt frå der eg ville vere før eg bomma på 8.posten. Fekk ein ny bom på 13.post og fekk ikkje kartet til å stemme etter hogstfeltet på veg til 16.post. Var for langt til venstre og måtte stoppe for å lese meg inn. Resten av løypa gjekk bra, og det holdt tilslutt til seier. Løpet var eigentlig berre middels bra, men gjer ingen store bommar, og det er det er var mest fornøgd med.
Langdistansa fekk ingen god start med tidstap på dei sju første postane bortsett frå 2.post. Dette kom nok litt av at eg var litt ivrig og ikkje tilstrekklig konsentrert. Etter det gjekk det eigentlig betre og betre fram til kartbytte, men utan å oppnå den heilt store flyten. Flyten kom seg etterkvart og inn mot runding gjekk det bra. Som i går bomma eg på den første posten etter runding, og fekk også tidstap på på 28. og 29.post. Endte på delt 3.plass, men med tidstap på 10 av postane er eg ikkje spesielt fornøgd med løpet.
Kart Lang del 1
Kart Lang del 2
Resultater Lang
I veka etter TIOmila var eg ei veke i Latvia på treningsamling, og føler at eg fekk god kjennskap til ein del av dei o-teknsiske utfordringane som vil kjem til å møte. Stor fart må kombinerast med god kompassbruk og nøyaktig kartlesing inn i postane. Framover skal eg jobbe med finne ein betre o-teknisk flyt og samtidig få den fysiske forma til nokre nivå høgare enn det den var sist helg.




