Sprint i Slemmestad

15.05.2008

I dag formiddag sprang eg sprint i Slemmestad sentrum. Dette var eit bra sprintområde, med eit godt kart og ei variertløype løype, som gjorde at eg fekk ei veldig bra økt.

Den første delen av løypa var ganske grei, men sprang kanskje ikkje offensivt nok til 1.post og tapte ein del sekund der. På tredje post bomma eg drøyt 10 sekund, da eg ikkje var nøyaktig nok med retninga. Fant eit ganske bra veivalg til 6.post, men det var veldig bratt ned til vegen like før posten, så bruke ein del tid der. Resten av løypa gjekk bra, bortsett frå til nest siste post, der eg trudde eg kunne komme mellom husa inn i posten. Men når eg ikkje kunne det så var nok høgre veivalget vel så bra. Med tida 14:13, var eg 9. sekunder bak Christian Kahrs som var raskast.

Totaltsett var eg ganske nøgd med løpet. Burde vore meir nøyaktig med retninga til 3.post, men har sprunge gode veivalg jamt over. Fysisk er det framleis litt å gå på. Eg kjem til å trene hardt fram til og med i morgon, for så å sleppe opp på treninga fram mot EM.

Kart utan veivalg
Kart med veivalg

Interessert i å sponse meg?

Ta kontakt på mail:

olav(at)olavlundanes.com


Shortlist linker