Knall og fall
I dag sprang eg Kolbotn og Skimt sitt kretsløp på Oppegård. Planen min var å få ei god fysisk gjennomkjøring, og finne ein betre o-teknisk fly enn eg hadde på Hedemarken sist helg. Starten av løypa gjekk ganske bra, men ut frå 3.posten fekk eg ein utfrivillig tur ned eit stup, og da blei resten av løpet litt redusert.
Ut frå 3.posten skulle eg berre bort til stien, og hadde ikkje lest at der var eit nesten heilt borte med stien. Greidde ikkje å stoppe før eg var på veg nedover. Tenkte underveis at dette kunne bli stygt, men det gjekk overraskande bra. Blei veldig stiv i låret og arma, samt at eg blødde litt frå munnen, men eg bestemte meg for å fortsette. Greidde ikkje å springe så fort, men o-teknisk gjekk det bra. Og det var jo absolutt noko å ta med seg, at eg greidde å springe bra o-teknisk sjølv om det gjorde vondt. Det var også ei god løype på eit godt kart, så da synast eg at eg fekk mykje ut av økta uansett.
I ettermiddag har eg sykla 20 minutt, og det verka til å vere ok. Riktignok vekra det litt stivt, men eg skal uansett ikkje trene så store mengder framover, så det får ingen innverknad på EM-forma. Reknar med at eg kan springe som normal i morgon eller tysdag.
Kart utan veivalgKart med veivalg
Resultater




