3 dagar til EM
I dag er det tre dagar til EM i Ventspils i Latvia begynner. Dei siste dagane har treninga gått bra og i morgon setter eg meg på flyet til Riga saman med delar av den norske EM-troppa.
På måndag gjorde det ganske vondt berre å springe lett på grus, men allereie på tysdag var det mykje betre. Eg var litt skeptisk då eg kjende kor vondt det var måndagen, men som vanlig gjekk slike småproblemer raskt over, og sidan onsdag har eg ikkje merka noko som helst. I dag kjørte eg den siste hardøkta før EM og beina følteste bra. Hadde bra med krefter å gi på det siste draget, og det lover godt for forma.
På EM skal eg springe alle distansene. 7 løp på 7 dagar er så klart eit tøft program, men eg har trena på å springe to harde økter på ein dag, og med god form, så er eg trygg på at eg skal grei å prestere bra på alle distanser. Etter å ha vore på samling i Lativa i starten av mai, så føler eg meg trygg på både det vi møter i og utanfor løypa, men som alltid "førebud deg på det du forventar, men forvent det du ikkje er førebud på".
Heimeside EM 2008




