19.plass og tre nedturar under EM

04.06.2008

Det har no gått eit par dagar sidan sidan eg kom heim frå EM i Lativa. Etter å ha fått mesterskapet litt på avstand, er det lettare å sjå ein del lyspunkt, men totalt sett er eg ganske skuffa.

EM fekk ingen god start med Sprint kvalifiseringa. Kom ganske greitt i gong, men blei nølende da eg ikkje såg eit hull i gjerde som eg skulle gjennom til 3.post. Etter det kom eg på etterskudd med orienteringa, og måtte fleire gongar stoppe opp, sjølv om løypa ikkje var spesielt krevande. Forstod at eg måtte trykke på, men beina hadde ikkje så mykje å gi. Blei nr. 19 i mitt heat og kom dermed ikkje til finalen.

Kart Sprint kvalifisering Del 1
Kart Sprint kvalifisering Del 2

Kvalifiseringa til langdistansa dagen etter på gjekk ganske bra. Sprang meir offensivt frå start og det var eit terreng som eg var godt førebudd på. Totalt hadde eg litt over eit minutt tidstap, og utan at eg følte meg spesielt pigg, så fekk eg 4.plass i heatet.

Kart Langdistanse kvalifisering

Sjølv om eg satsa på alle fire distansene, var det langdistansa eg satsa hardast på. På førehand viste eg veldig lite om kva eg kom til å møte, men blei likevel litt overraska over at løypa gjekk i så mykje myr og grønt. Myrar er jo alltid ein fordel, sjølv om dei denne gongen gjerne var fyllt med vatn opp til livet, og grønne områder har eg trena ein del på i vinter. Eg er ganske fornøgd med løpet mitt, da det både var tungt og vanskelig. Mellom 13.post og 18.post har eg nok 3-4 minutt tidstap, men resten av løpet er veldig bra. Av strekktiden ser eg at eg hang veldig bra med i starten, men ei langdistanse varer lengre enn i sju minutt. Eg var 6.30 min bak vinnaren og endte på 19.plass med det.

Kart Langdistanse

Etter kviledagen var det mellomdistanse kvalifisering. Følte meg bra restituert og hadde bra kontroll på kva vi kom til å møte. Dei to første postane gjekk greitt, men så bomma eg 1.30min på 3. og 4.post. Blei stressa av å bli tatt igjen og bomma ganske kraftig på 6.post. Fant ikkje igjen flyten før etter 10.post, men da hadde eg nok totalt tapt 4 minutt. Resten av løypa gjekk bra o-teknisk, men fysisk gjekk det tung, og som på sprinten blei det ingen finale, etter ein 18.plass i heatet.

Kart Mellomdistanse kvalifisering

EM blei avslutta med stafett på søndagen, og etter ein ufrivillig kviledag, så hadde eg håp om at eg skulle få til eit betre løp i dag. Fekk ikkje kontroll på kartet i starten og bomma på dei to første postane. Etter det hadde eg ikkje spesielt mykje tidstap, men fysisk var det lite å gi. Vi på 2.laget endte tilslutt på 16.plass.

Kart Stafett

Eg bomma nok både på den fysiske forma og både litt mentalt og o-teknisk, i forkant av dette mesterskapet. Noko av dette er små detaljar, men det er også ein del større punkt eg må forbetre. Eg skal bruke dagane fram til laurdag til å evaluere, samt og få kobla av litt. Så er det klart for den siste VM-samlinga i Tsjekkia, og eg håper å komme sterkt tilbake til Verdenscupen under O-festivalen.

EM si heimeside med resultater, strekktider, kart og bilete

Interessert i å sponse meg?

Ta kontakt på mail:

olav(at)olavlundanes.com


Shortlist linker