Står over Jukola
Den siste månaden har den fysiske forma gått i feil retning, og då det også gjekk veldig tungt under landslagssamlinga i Tsjekkia sist veke, bestemte eg at Jukola får gå utan meg i år.
Eg skulle i år for første gong på Jukola springe ei anna etappe enn 3.etappe, da eg i år var satt opp på 2.etappe. Laget vår i år var ganske bra og eg hadde gleda meg til å springe, men WorldCupen på Siggerud har langt høgare prioritert. Og med den dårlige forma eg har hatt den siste tida, så bestemte eg meg for å droppe Jukola i år. Dette var ikkje noko eg synast var spesielt artig, men når eg følte eg måtte ta eit valg var det likevel enkelt.
Det er nok fleire grunnar til at eg har slitt litt fysisk den siste tida, sjølv om det er vanskeleg å vite akkurat kva eg har gjort feil. Eg hadde nok nokre økter i forkant av EM som blei litt for harde og som medførte at eg ikkje kom inn i mesterskapet med det overskotet eg trudde eg skulle ha. EM var jo tøft og eg greidde då ikkje å hentet meg inn igjen før eg drog til Tsjekkia. Der var forma heller dårlig og eg tok det rolig på den samlinga. Etter at eg kom heim igjen har eg berre trena kort og rolig, og overskotet er kanskje i ferd meg å bli betre. Eg kjem nok til å ta det rolig den neste veka og stille frisk og pigg til start neste fredag.
Jukola 2008




