Uttatt til VM langdistanse
Det er no ei stund sidan sidan eg har skreve noko her på sida, og grunnen til det er at det har gått litt opp og ned den siste tida. Riktignok har det gått ned og så opp igjen, da eg først blei forkjøla og måtte stå over O-festivalen. Eg blei i etterkant av O-festivalen tatt ut til mitt andre VM, og står på startstrek når kvalifiseringa til langdistanse finalen går 15.juli.
I og med at eg droppa Jukola så følte eg at eg var i ferd meg å finne tilbake til overskotet, før eg blei sjuk i starten av veka før O-festivalen. Blei ikkje spesielt mykje utover i veka, og då det var fredag og klart for mellomdistanse, var det ikkje så mukje tvil i at eg burde stå over. Eg blei frisk igjen i løpet av helga, og sidan måndag har eg trena omlag som normalt.
Dei neste 2 1/2 vekene fram til VM blir viktig for å finne toppforma. Eg har til no i år vore eit stykke i frå den, men eg har absolutt trua på at den er på plass til VM startar, men kvalifiseringa 15.juli. Dei kalde fakta for kvalifiseringa er: 11,2 km, 450 meter stigning, 23 postar og 60 min vinnertid. Tilsvarande for finalen 19.juli er: 17,5 km, 800 m stigning, 37 postar og 95 min vinnertid.
Planen framover er å kjøre på med trening fram til og med CraftCupen i Østerdalen. Eg kjem til å springe mellomdistansa på fredagen og langdistansa på søndagen. Eg droppar dermed Craftcup-finalen på søndagen, for å stille optimalt førebud til VM. Deretter blir det rolig trening fram til eg reiser til Tsjekkia laurdag 12.juli.
VM-uttak med distanse fordeling Alt om VM



