I had a dream - som det ikkje blei noko av
For eit knapt år sidan satt eg skuffa på ei mark i Kiev, etter ein 36.plass på sprinten, og bestemt at 19.juli skulle vere årets store mål. I dag satt eg nedå meir skuffa på toppen av ein bakke og innsåg at slik blir det ikkje.
I ettertid er det lett å sjå at hadde eg droppa nokre av treningsøktene i mai og juni, så hadde eg nok vore i mykje betre form no. Eit skuffande EM dempa ikkje akkurat målet om å gjere eit godt VM, og eg har nok kanskje også pressa litt for hardt på enkelte økter i denne perioda. Uansett så har eg trena slik eg har hatt trua på og som eg har meint har vore best for meg, og da er det vanskelig å sitte her å vere fryktelig skuffa no. Det kjem uansett mange nye mulighetar, og den første kjem 23.august 2009.
Etter at eg blei sjuk veka før O-festivalen, tok eg det først rolig og så prøvde å trene litt hardare etter det, utan suksess. Den siste veka har eg tatt det veldig rolig og droppa Craftcup-avslutninga i Østerdalen, for å prøve å samle overskudd. Sjølv det har gått litt lettare dei siste dagane, så viste intervalltreninga i dag at eg er tilbake til 2004-nivå. Og når det er over ein månad sidan eg sist sprang ein konkurranse, så er det nok best å både for meg og for laget å droppe VM.
Kva eg skal gjere framover her eg ikkje bestemt, men dersom framgangen held fram, så håpar eg å springe ei eller fleire distanser på verdenscupen på Sälen om knapt to veker. Det neste store målet er så NM i Tromsø, og det er framleis nestan to månadar til, så da er målet å vere i god form.




