Det hadde vore artig å springe 5-dagers, men...
...når eg ikkje har trena over 1 time i løpet av ein dag i heile juli, så har det ikkje så mykje for seg å springe Verdenscup. Eg brukar heller tida til å bygge meg rolig opp igjen og bruke litt tid på å finne tilbake til forma.
Eg trenar no tre dagar på rad, før eg har ein kviledag, også tre nye dagar med trening, der eg trenar 5 min meir kvar dag, for kvar periode. Dette skal eg gjere i litt over ei veke til, før eg prøver meg på økter med høgre intensitet. Eg skal då springe eit par løp på Nordvestgaloppen på Voss, som førebuing til NM.
Eg har framleis ikkje funne heilt ut kva som har feila meg i og med at blodprøver og andre prøver ikkje gir noko resultat. Men det verkar sannsynlig at eg har hatt sjukdom i kroppen også før eg blei sjuk i midten av juni. I og med at eg pressa ganske hardt i denne perioda, så har eg nok slete med overskuddet også at eg blei frisk igjen. Den siste veka har eg følt bra med overskot, men eg holder tek det likevel ganske rolig med treniga slik at eg ikkje får noko tilbakeslag.
Den siste veka har eg brukt til å følgje med på VM, og med TV-sending, mange mellomtider, liveoppdateringer og Tractrac har det til tider vore travelt å holde kontrollen. At sju nasjonar skulle dele på dei åtte gullmedaljene var både overraskande og positivt. Det var også eit bra VM for Noreg, med eit gull og to sølv.
5-dagers Nordvestgaloppen



