Klar for NM
Det er lenge sidan eg har skreve noko her på heimesida mi, men no er det snart NM så det er på tide å komme med litt oppdateringar. Det er no snart 3 månadar sidan eg sprang eit løp av betydning, og eg har storsett opptredd som programhelt sidan då. Den siste månaden har eg sprunge ein del mindre løp som Nordvestgaloppen, Modum 2-dagers og KM mellom, men på torsdag er eg klar for NM-lang.
Den siste månaden har forma peika oppover nestan kvar dag, og sjølv om det ikkje har vore så stor framgang har det vore positivt. Sist tysdag forstua eg storetåa og det har gjort at treninga den siste veka har vore betre førebuing til Vasaloppet enn til NM. Uansett så blir det nok eit flott NM og det er berre å stå på så lenge kreftene holder. På stafetten på søndag stiller vi for først gong så lenge eg har sprunge på laget med fleire seniorar enn juniorar og det burde bety at vi kan forbetre fjorårets 8.plass. Men stafett er stafett....
Det er no litt over to veker sidan eg flytta til Halden. I og med at treninga framleis er på spareblussen, så har eg ikkje fått vore med på så mykje endå, men det ser deffinitivt veldig bra ut. Eg har også i haust tenkt å plukke med meg nokre studiepoeng og har derfor starta på økonomi og administrasjon ved høgskulen her i Halden.
NM-Uka i Tromsø



