NM i Tromsø - Eit stort steg i riktig retning

03.09.2008

Med ein 5.plass på langdistansa under NM-Uka i Tromsø, føler eg meg sikker på at kroppen min er i orden igjen. Sjølv om det gjekk tyngre og tyngre utover i veka så var dette det positive tegnet eg har leita etter i fleire månadar.

Før starten på langdistansa hadde eg bestemt meg for at skulle eg få til eit bra løp i dag så trengte eg å kjøre på frå start av. Dette fungerte veldig bra, eg kom raskt inn i flyten. Då eg kom opp på snaufjellet såg eg Holger Hott omtrent 1 minutt før meg i løypa og det skulle bli situasjonen dei neste 6-7 kilometerane. Eg leda løpet heilt til 6.post, men merka da at det begynte å gå litt tungt og prøvde å holde ei jamn fart som eg kunne holde til mål. Dette fungerte bra til eg skulle opp bakken til 14.post. Her møtte eg rett og slett veggen, og fekk ein større bom på 14.posten. Eg blei då tatt igjen av Anders Norberg og fekk litt hjelp av han ned til passering. I oppløpet sleit eg med kramper, men totalt sett er eg veldig fornøgd med løpet. Einaste tidstapet eg hadde var 14.posten og eg tok gode veivalg heile vegen. At eg sprakk på slutten var vel eit resultat av at eg hadde berre ein treningsturm lengre enn løpet i dag, i løpet av dei siste 3 månadane.

Kart langdistanse del 1
Kart langdistanse del 2

På morgonen før kvalifiseringa var eg mildt sagt skeptisk. Beina var nestan ikkje til å bevege og sjølv om restitusjonsjoggen på morgonen hadde gjort det litt betre, så trengte eg tid på å komme i gang. O-teknisk gjekk det greitt i starten, men merka at farta ikkje var så veldig god. Bomma eit minutt på 6.post, men ellers gjekk det fint ned lia. Eg var litt usikker enkelte stadar, men tok det litt forsiktig og då var det greitt. Blei nr. 3 i heatet og var greitt vidare.

Kart mellom kvalifisering Heat 2

Eg følte meg ein del betre i dag enn i går, men den forstua tåa var begynt å protestere på å springe så mykje. Eg sprang offensivt frå start, men merka raskt at eg var sliten. O-teknisk gjekk det greitt, men det blei nokre stopp og dårlig flyt. Eg var likvel greitt med til første meldepost på 7.posten, men etter det fekk eg ei dårlig periode. Etter det blei det ein kamp for å komme i mål på ein grei måte. O-teknisk gjekk det ok, men har vel sjeldant hatt dårligare spurttid. Eg vil også skryte litt av løypa, for sjølv om det var litt opplagt på forhånd kvar den skulle gå, så var det ei variert og god mellomdistanse løype.

Kart mellom finale

4 dagen og stafett. Eg sprang også i år siste etappe og dei siste åra har vi berre komme høgare og høgare opp på lista for kvart år. Vi hadde derfor ambisjonar om å forbetre fjorårets 8.plass. Erik fekk ikkje ein heilt god start, men Per Harald gjorde eit veldig bra løp og sprang oss opp til 13.plass. Eg hadde dessverre ingen god dag og til tross for eit nestan feilfritt løp greidde eg berre ein 12.plass. Eg var så klart sliten etter tre harde løp, men først og framst var det at tåa ikkje var godt som gjorde at tempoet blei lavt. Eg hadde nok ikkje fullført hadde det vore eit vanlig løp, men eg ville til mål i og med at det var stafett. Eg får også spesielt gratulere Frol med sølvet etter ei kjempegod gjennomføring. Dersom det ikkje blir suksess på NM Sprint så blir det nok tøft å komme heim.

Kart stafett

Det har tidligare i år vore mykje merklig og tull på dei viktige løpa i Norge og det var derfor godt å komme til NM-Uka der det var kontroll på det meste. Kart og løyper var av topp kvalitet, sjøv om eg kanskje savna litt fleire veivalg på langdistansa. Og terrenget var jo nestan like fint som Emblemsfjellet.

Det neste målet mitt no er NM Sprint i Larvik den 13.september. Eg kjem derfor til å trene ein del sprinttreningar før det slik at eg er godt førebud. Helga etter NM Sprint er det VM-samling i Trondheim.

Sponsorer:





Interessert i å sponse meg?

Ta kontakt på mail:

olav(at)olavlundanes.com


Shortlist linker