Sprinting
Det er no knapt to døgn igjen til NM sprint i Stavern. Eg har ikkje sprunge sprintløp sidan i pinsa, og det er også lenge sidan eg har sprunge fort utan at det har vore i terrenget. Den siste veka har eg derimot sprunge tre sprintøkter, så eg føler meg bra forberedt.
Tysdag ettermiddag trena eg sprint i Sarpsborg. Eg hadde ikkje som mål å springe så veldig fort, men flyte igjennom å få ein god følese. Den første runden gjekk ikkje så bra og eg brukte også ein del tid på å finne 3.posten som stod nokre meter feil. Den andre runda pressa eg på litt hardare og det gjekk betre o-teknisk så den er eg ganske fornøgd med.
Kart Kalabanen Del 1 / med veivalgKart Kalabanen Del 2 / med veivalg
I går kveld var det sprint her i Halden på kartet rundt der eg bor. Fysisk følte eg meg ganske bra, men eg sliter framleis med å holde trykket opp heile løypa. O-teknisk gjekk det bra og eg tok gode veivalg, bortsett frå til siste post der eg nok tapte 15-20 sek. Etterpå sprang eg også eit veivalg (venstrevarianten) som ingen hadde tatt, men den var litt treigare enn den eg sprang første gongen.
Kart Rødsfjellet / med veivalgOmrådet som NM sprint skal gå i år er eit variert området, der vi møter både asfalt, park, skog, sti og svaberg, og det er noko som passar meg veldig bra. Terrenget gir gode mulighetar for veivalgsstrekk, samtidig som det nok kjem nokre krevande postar i skogen. Eg startar kl. 11.26 og med første start i finalen kl. 17.00 er det bra til til å restituere seg mellom kvalifiseringa og finalen.
NM-Sprint




