8.plass i NM Sprint

14.09.2008

...og slik passelig fornøgd er eg vel med det. Sprinten var nok ikkje perfekt for meg i den forma eg er i no, men det var positivt at eg likvel var bra med i toppen, med eit bra løp.

På sprint kvalifiseringar har eg gjerne slitt litt dei siste gongane. Både på NM i fjor og på EM blei eg både passiv og nølende. Så denne gongen ville eg ha med meg ein god følelse frå kvalifiseringa. Eg fekk til eit veldig bra o-teknisk løp og fysisk flaut det veldig bra utan at eg følte eg pressa så veldig hardt fysisk. Eg fekk også ein del positive tilbake meldingar då eg tok igjen løparar og vant tilslutt heatet med 7 sekunder til Lars Skjeset. Einaste minuset var ei torne som gjekk gjennom lillefingeren, men den blei av raskt fjerna av førstehjelpspersonale og eg slapp å bære med meg ekstra vekt i finalen.

Resultater Kvalifisering

Finalen gjekk 6 timar seinare og eg følte at eg var bra restituert etter kvalifiseringa. Det einaste var at leggane var litt stive, men det sprang eg greitt av meg på oppvarminga. Eg gjorde eit ganske bra løp og var med heilt i teten i starten av løpet. Etter 4.post begynner farta å tape seg litt og saman med enkelte dårlige veivalg som eg tapte nokre sekund på, gjorde at eg var eit stykke bak på passering av arenaen. Den siste runden gjekk bra og eg sprang meg opp ein del plassar til ein 8.plass. Det var veldig tett og eg var 36 sekunder bak Lars Skjeset. Sjølv om eg tok enkelte dårlig veivalg, er eg litt skuffa over løypa, utifrå dei alternativa som eg har sett på siste veka. Relativt enkele sprintar har aldri vore mi sterke side og når eg manglar ein del på forma så taper eg mykje på rein springing. I bra form hadde eg nok tapt mindre, men eg har ein god del å jobbe med for å holde bra nok fart på sprint. Sjøv om løypa var litt lett, så var alt i orden med arrangementet og det har jo ikkje vore standaren på sprint i Norge denne sesongen.

Resultater Finale

Sponsorer:





Interessert i å sponse meg?

Ta kontakt på mail:

olav(at)olavlundanes.com


Shortlist linker