God avslutning på treningsåret 2007/2008

02.11.2008

På fredagskvelden avslutta eg treningsåret 2007/2008 med det første løpet i Høiås Night Cup. Løypa målte 12,2 km og avstanden frå start til mål var 5 km i luftlinje.

Den første delen av løypa var felles og det blei stortsett ei lang rekkje gjennom skogen. Eg prøvde å springe offensivt i starten og tok litt egne veivalg, men vi kom stortsett saman igjen inn mot postane.Då vi kom til fellesposten var eg nr. 2, og eg var spent på kva den neste delen av løypa ville by på.

Steminingsrapport frå fellesposten del 1 / del 2

Frå fellesposten var det 4 rundar på kurvekart, som jamt over gjekk ganske bra. Eg hadde ein del tidstap på den søndre runden, men her var det ganske tett så det var fleire som tapte litt tid. Då vi var ferdig med rundane var eg nr. 3 rett bak teten, men det var 8 løparar på omtrent 1 minutt. På langstrekket tilbake igjen mista eg etterkvart kartkontakten og eg hadde heller ikkje så god retning. Dermed blei eg eigentlig berre hengande med, og vi gjorde ein ganske stor bom på siste post. I mål blei eg nr. 3 etter ei løpstid på over 100 min.

Kart 1 del utan veivalg / med veivalg
Kart 2 del utan veivalg / med veivalg

Kort fakta om treningsåret 2007/2008:
628 treningstimar
465 økter
190 timar o-teknikk
210 o-tekniske økter
47 dagar utan trening
38 konkurransar

Eg endte i år på eit lavar timeantal enn sist år og det skyldast dei problema eg har hatt i løpet av sommaren. På vinterene låg eg fint i rute til planene om å trene omtrent 710 timar i år, men med minimal trening i sommar blei det eit steg tilbake. At det har blitt 47 dagar utan trening er også for mykje, men det skuldast dei samme problema. 38 konkurransar er nestan ei halvvering i forhold til fjorårets 64. Det eg er mest fornøgd med er at auka den o-tekniske treningsmengda frå i fjor og at eg i år har trent orientering på 45% av treningsøktene mine. Eit av måla for neste sesong blir å fortsette denne auka av o-teknisk trening.

Sponsorer:





Interessert i å sponse meg?

Ta kontakt på mail:

olav(at)olavlundanes.com


Shortlist linker