Min første Cola

07.11.2008

Cola er av og til meir enn berre skitvatten med sukker. Kvar torsdag er det premien på den o-tekniske morgontreninga. Svenskar er kjent for å være griske etter Cola, men i går greidde eg vinne ein.

Torsdagens opplegg var første 1,5 km terrengløp og så ei tilnærma vanlig o-løype med ein del ekstra utfordringar undervegs. Forma mi har gått veldig opp og ned den siste tida, men i går hadde eg ein grei dag. Til 1.post var det litt vansklig å komme inn på kartet i og med at eg allerede hadde sprunge 6 minutt utan å sjå på kartet. Eg fekk etterkvart grei kontroll og postane i starten gjekk veldig fint. Eg var nøye med kursen på strekka og viste kva eg skulle sjå etter når eg kom inn igjen på kartet.

Etter det steinete strekket til 8.posten, der vi skulle følgje kurva på strekket, så mista eg litt av flyten. På veg til 9.posten fekk eg ein dårlig kurs og fann heller ikkje dei få detaljane som var på kartet. Det resulterte i at eg kom ut av korridoren og tapte rundt 1 minutt. Eg sleit også litt med dei neste postane og bomma 15 sekunder også på 12.post. Derifrå og inn gjekk det bra o-teknisk, men litt tungt fysisk.

Neste torsdag blir det nok ingen Cola, da det torsdag og fredag, er sesongens første landslagssamling i Oslo. Der skal vi diskutere neste sesongen som kjem og springe 3000-meter.

Kart utan veivalg / med veivalg

Ny i Halden-trøya

Sponsorer:





Interessert i å sponse meg?

Ta kontakt på mail:

olav(at)olavlundanes.com


Shortlist linker