94,7% på Høiås Trimtex NightCup

22.11.2008

I går kveld gjekk det andre løpet av Høiås Trimtex NightCup 2008/2009. Etter ei ganske dårlig veke o-teknisk var eg veldig lysten på å få til ei god løp, med god flyt.

Denne gongen var det totalt fem sløyfer, med passering for kvar runde. Første posten gjekk veldig bra, men til den andre var eg for langt ned. Sleit ein del med å ta meg inn igjen, og var både for langt opp og for langt ned før eg fann posten. Då eg stempla på posten hadde eg nok tapt omtrent 3 min.

Derifrå og til mål gjekk det eigentlig veldig bra, for sjølv med kurvekart var det ikkje så veldig vansklig. I mål var eg i nærheten av dei stipulerte 59 minutta og burde ha vore under utan missen på 2.post. Fysisk var det også ein opptur og hold bra gjennom heile løypa. Eg har trena få hardøkter den siste tida og kjem eg kjem også til å prioritere langkjøring neste veke. Da skal eg også ein tur på Gålå for å gå på ski.

Kart utan veivalg / med veivalg
Resultater

Sponsorer:





Interessert i å sponse meg?

Ta kontakt på mail:

olav(at)olavlundanes.com


Shortlist linker