Seier i Tour of Bulgaria

05.03.2009

Den siste drøye veka har eg vore i Bulgaria på årets femte barmarkssamling med innslag av snø. Ekstremværet til tross var det, med litt omstokking av øktene, var det ei veldig bra samling. Totalt 8 dagar heile treningsdagar, med 4 viktige høyøkter som tilsaman avgjorde samandraget om 2 liter Cola.

Første delkonkurransen var to sprintløp i den flotte sprintbyen Nessebar. Personlig synaste eg ikkje at kartet stod heilt i kvalitet til byen, men ei bra treningøkt blei det. Flyten min var ikkje heilt god og var omtrent eit minutt bak på begge rundane.

Sprint Kvalifisering utan veivalg / med veivalg

Sprint Finale utan veivalg / med veivalg

Løp 2 var ein 1-manns stafett i eit veldig spesielt område. Kartet var eit veikryss med fire heilt forskjellige terreng i kvar kvadrant. Eg følte meg veldig pigg og fekk ei luke på omtrent 1 min etter gafflingane i starten. Halvvegs var det ei kartoppgåve å løse, som kunne gi strafferundar, men eg hadde alle 6 rette og kunne fortsette vidare. Andre runden gjekk også bra, så sjølv om resten kom litt nærmare og eg blei tatt i frå kompasset, holdt det til seier.

Stafett Del 1 utan veivalg / med veivalg

Stafett Del 2 utan veivalg / med veivalg

Etter eit møte med ei litt giftig plante på torsdagen og ei lang økt på fredag, var eg litt spent på forma før den lengste hardøkta denne veka. Løypa var langdistansa frå Junior-VM i 1999, som Andrey Khramov vant ganske suverent. Kroppen og hovudet fungerte bra og eg gjennomførte eit bra løp, bortsett frå litt tidstap midtveges. Eg var dagens raskaste, men var omlag 20 sek bak besttida frå 1999. På kartet er det eit bra døme på spørsmål som eg ofte sitter igjen med etter å ha lagt inn GPS-sporet på kartet. 4.posten satt nok litt feil. Men kva med 9.posten? GPS-sporet er tilpassa ut ifrå 8. og 10. post. Er det kartet som er skeivt, sitter posten feil, eller var det eg som gjorde feil?

JWOC 99 Lang utan veivalg / med veivalg

Jaktstarten var kortdistansa frå samme Junior-VM, pluss 2 enkle kilometer i starten. Eg hadde ein ganske konfortabel ledelse, og sjølv med litt småbomming holdt det til mål. Eg var nok litt for offensiv og takla ikkje heilt den enkle starten.

JWOC 99 Kort utan veivalg / med veivalg

Allt i allt følte eg at dette var eit nytt steg i riktig retning. Saman med samlinga i Portugal har eg heva meg litt o-teknisk og eg føler meg bra i rute fram mot sesongen. Denne samlinga i Bulgaria var også ein fin start på forberedelsan til EM i Bulgaria i 2010. EM går litt lengre sør langs kysten av Svartehavet, men terrenget er ganske likt.

Andre kart:

Postplukk utan veivalg / med veivalg

Student-VM Kort kvalifisering utan veivalg / med veivalg

Morten og Hallvar sitt samlingsreferat

Sponsorer:





Interessert i å sponse meg?

Ta kontakt på mail:

olav(at)olavlundanes.com


Shortlist linker