VM i Ungarn - 4. og 7.plass
Det er no nestan ei veke sidan VM i Ungarn var over, eit VM som eg totaltsett er veldig fornøgd med. Denne veka har eg følt ganske slapp og sliten, men med nye mulighetar i morgon, så begynner den riktige følelsen i kroppen å komme tilbake.
4.plassen på VM-Sprinten var eigentlig ein overraskelse for meg sjølv også. Eg hadde riktig nok sprunge veldig sikkert og bra på dei sprinttreningane eg har sprunge sidan testløpa. I tillegg viste eg at forma var veldig bra og etter kvalifiseringa så var det ikkje sjølvtilliten det stod på. Finaleløpet var også veldig godt gjennomført utan om to strekk. På det første (6.post) satte eg meg fast i ei blindgate og måtte snu. Dette gjorde 13 av dei 15 første på restultatlista, så mi oppfattning er at det var litt for lite tydlig på kartet. I tillegg tapte eg nokre sekund på veivalget til nest siste post. 4.plass var uansett det maksimale eg kunne oppnå og det er eg kjempefornøgd med. Å bli intervjua direkte på NRK etter målgang var også ein ny og artig opplevelse.
Etter ei rotete kvalifisering på langdistansa og ein veldig god sprint var det ein litt spesielt følelse å starte på langdistansa på den siste dagen av mesterskapet. Forma var framleis veldig bra, men i ettertid ser eg at eg ikkje hadde ein 100%-dag som på sprinten. Løpet var stortsett solid gjennomført, og det hadde eit større tidstap på nestan 1 min på 25.posten. Totalt sett er det 8 av strekka som eg ikkjer er fornøgd med, så det er ei del å jobbe med. Dette holdt tilslutt til ein 7.plass. Neste år er det Trondheim, før ein franskmann skal få slite hard i Frankrike og sveitserane skal slås på langdistansa i 2012.
I morgon er det NM-Sprint i Brevik. Eg har gode minner derifrå frå Nordisk i 2005, og om forma framleis er bra, håper eg å vere med å kjempe om Kongepokalen.
NM-Sprint




