Dobbelt norgesmester

19.09.2009

Mange gode sommarsesongar har, blitt fulgt opp av eit tungt NM. I år hadde eg framleis overskuddet på plass og var lysten på å gjere gode løp.

Langdistansa var eit veldig solid teknisk løp. Fysisk føltest det ganske greitt i starten og betre og betre etterkvart. Det var også ein god følelse at skyggen min måtte sleppe i bakken opp mot 10.posten. Det blei ein suveren seier, og ein god bekreftelse på at eg er i rute til 12.august neste år.

Etter ei bra kvalifisering på fredagen, følte eg meg klar for mellomdistanse finalen på laurdagen. Starten var god, men gjorde ein større bom til 3.post. Trengte også 15-20 min på å komme i gang fysisk da forma ikkje var den samme som på laurdagen. Etter ei god avslutning holdt det til bronse, ca. 1min bak Anders Skarholt.

NM si siste distanse var stafett, og eg sprang siste etappe. Emil og Mattias gjorde gode løp på dei to første etappen og eg fekk springe ut med ein god ledelse. Sjølv med ein stor bom i starten av løpet holdt eg unna for konkurrentane og vi tok ein solid seier.

NM-UK i år blei dermed ein suksess i år med to gull og ei bronse. Dette var betre enn målsetning om tre medaljer som eg hadde satt meg på forhånd. Etter ein sesong med mange gode løp og hederlige plasseringar var det god å få ein seier også. 4.plass på VM er nok minst like bra, men det er noko ekstra med å vinne.

Kart:
Lang
Mellom Kvalifisering
Mellom
Stafett

Om ei veke skal eg springe WC-Finale i Sveits. Eg ligger no på 11.plass, med gode mulighetar for å avansere i og med at det delast ut mykje poeng på dei to siste løpa. Fram til det blir det nokre dagar med god trening også rolig dei siste dagane for å ha godt overskudd.


Sponsorer:








Interessert i å sponse meg?

Ta kontakt på mail:

olav(at)olavlundanes.com


Shortlist linker