2008/2009 - The facts!
02.11.2009
No er året 2008/2009 over, og det er tid for å starte på ei ny treningsdagbok. Her er nokre interessante og uinteressante fakta frå året som gjekk:
Treningstimar: 660:56 I1+I2: 80% Antall økter: 527 O-tekniske timar: 207:43 (31%)O-tekniske økter: 246 (46%)
Lengste treningsøkt: 4:03
Konkurransar: 45
Konkurransetid: 36 timar, 6 min og 56 sekund
Gjennomsnittskilometertid: 5:50 min. per km.
Brukte o-sko på konkurransar: 7 (VJ Supra, Icebug Spirit OLX, Inov-8 X-Talon 212, VJ Supra Spike, Inov-8 F-Lite 230, VJ Integrator og Asics DS Racer)
Olav vs. Emil (2008/2009): 21-30 (Det skal ikkje skje igjen)
Til helga er det O-galla in Hell, ved Steinkjer, men eg har også laga meg nokre personlige prisar, slik at eg er sikker på å vinne noko:
Årets løp: NM-langdistanseÅrets dag: 20.august VM-sprint. Slik form skulle eg hatt kvar dag.
Årets opplevelse: Jukola 6.etappe. Eg har aldri vore så nervøs under eit løp før, men definitivt ein opplevelse eg vekser på.
Årets samling: Portugal februar. Life as it (always)should be!
Årets beste distanse: Sprint
Årets bom: 23.post jaktstarten på O-Ringen. Årets største og kunne også 4-dobbla årsinntekta.
Årets spurt: Smålandskavlen. Ingen tvil!
I dag startar treninga mot neste sesong. Det blir godt å komme ordentlig i gang!





